LightWEB
Startside

Om oss    Overnatting i feriehus    Aktivitetar          Kontakt oss      

LightWeb

 

Breim Gardsmat ligg i jordbruksbygda Breim få km frå Byrkjelo i Nordfjord. Garden ligg luftig og solrikt til med flott utsikt over Byrkjelo omkransa av flotte fjell og eit velpleia kulturlandskap. Garden er eit tradisjonelt mjølke- og bærproduksjonsbruk. Klima og jordsmonn gjer produksjon av bær svært gunstig. I tillegg til bær, mjølk og kjøt, vert det produsert ulike slag pølser frå eigne dyr og etter gamle oppskrifter frå distriktet.

 

Tradisjonsrikt feriehus med flott utsikt til leige

 

Gamlehuset på garden leiger vi ut til turistar. Huset er modernisert dei seinare åra og framstår i dag som eit koseleg feriehus med flott utsikt. Gjestene som leiger huset får fiske gratis. Du kan også delta på hjortejakt saman med oss. Vi informerer gjerne om gode fiskeplassar og dagsturar til verdskjente reisemål som Geirangerfjord, Sognefjord og Nærøyfjorden- alle på UNESCOs berømte Verdsarvliste samt Briksdalsbreen og Vestkapp. Ønskjer du å leige feriehuset vårt, les meir om feriehuset vårt her.

 
 

   

 

  

Breim Gardsmat

Adresse: N-6826 Byrkjelo
Kontaktperson: Magnhild og Aage Myklebust

Mobil: +47 906 29 108 / 958 44 913
Fax: +47 57 86 75 66
Webebside: www.breimgardsmat.no
E-post: aage@breimgardsmat.no
 

                    


 
Vær




  


 

© LightWeb